Ut frå årets debattar skulle ein tru at Noreg var helvete på jord. I røynda bur vi i paradis, skriv Hans K.Mjelva.
anlegg for mørke tankar har det ikkje lett for tida. Dyrare mat, straum og lån tømmer kontoen, og i verda elles er det krig og krise.
Ferske målingar frå Opinion viser at nordmenn er langt meir pessimistiske enn nokon gong sidan målinga byrja i 2007. Det inkluderer både finanskrisa, oljekrisa og koronapandemien.gjeld det å hente fram visdom frå den djupaste av alle kjelder: popmusikken. Sidan eg er så gammal, er den første frasen som sprett fram i skallen av The Police:
«When the world is running down, you make the best of what’s still around». Det spelar ikkje noko rolle at resten av teksten er tøv - her er det berre å bytte ut med ein songfrase som passar for deg.