Den splitter nye båten utdannar unge fiskarar som skal ut i landets farlegaste yrke. No har læraren sagt opp fordi han meiner opplæringsfartøyet er for farleg.
FOR FARLEG? Elevane på «Skulebas» gjer seg til fiske i Lofoten, men får ikkje bruke garn. Utstyret på den nye båten er for farleg, meiner læraren.- Reier er Vestland fylkeskommune.- Nye Skulebas er 38 meter langt og 10,5 meter brei.- Vart bygd på verftet Hvide Sande Skipyard i Danmark.
I protest og håp om å bli høyrd av båteigaren Vestland fylkeskommune, har han sagt opp stillinga som lærar ved Måløy Vidaregåande skule.Prosjektleiar for bygginga av MS «Skulebas», Stig Antonsen, meiner skulebåten er rusta til alle typar fiskeri. Men Oldeide nekta å ta med elevane på garnfiske og reiste til slutt berre med utstyr til linefiske om bord.– Ja, det har eg reflektert over. Men kva val har eg? Det viktigaste er tryggleiken til elevane, seier Oldeide.Stig Oldeide sa opp stillinga si etter 4 år som kontaktlærar, for at elevar, som David Hamre Da Silva skal få ei trygg opplæring.
MS «Skulebas» segla frå Danmark til Noreg i fjor sommar. Det nye fartøyet var etterlengta av Måløy vidaregåande skule.– Eg synest det Stig gjer er modig og korrekt. Eg har snakka med fleire fiskarar som er heilt einige, dette er ei felles oppfatning om at noko er feil. Vi har all respekt for det Oldeide gjer, det krev ein del mot, seier Myklebust.
– Det var litt usemje om korleis ulike ting skulle løysast. Fleire av prosessane tek tid og har gjort at det ikkje har kome heilt i mål, seier Gravdal.