Bergensbanen stengd mellom Geilo og Gol

Canada News News

Bergensbanen stengd mellom Geilo og Gol
Canada Latest News,Canada Headlines
  • 📰 NRK Hordaland
  • ⏱ Reading Time:
  • 28 sec. here
  • 2 min. at publisher
  • 📊 Quality Score:
  • News: 14%
  • Publisher: 63%

Grunna store vassmengder er Bergensbanen framleis stengd. No er det ikkje berre mellom Gol og Torpo, som meld søndag føremiddag, men frå Gol heilt til Geilo, opplyser Bane Nor til NRK. – Vi har hatt overvann på Ål stasjon, mellom anna over sporvekslar, så vi må vente til vatnet trekk seg tilbake, seier Gunnar Børseth, pressevakt i Bane Nor. I tillegg har det vore ei mindre utgliding av masse mellom Gol og Torpo. – Det er meir enn nok til at tryggleiken ikkje er varetatt, og vi er nøydde til å fikse det. Vatn har funne seg nye vegar, grave ut grus og jordmassar under togskjenene, fortel Børseth. Bane Nor kjem med ei ny oppdatering rundt klokka 18. Vy har hatt buss for tog på føremiddagen, men frå i ettermiddag er det ingen transport austover frå Geilo, verken med buss eller tog. Det er vanskeleg å skaffe nok bussar, og uvisst om vegane i Hallingdalen vil forbli opne framover, ifølgje kommunikasjonssjef i Vy, Åge-Christoffer Lundeby. Han oppmodar reisande som skal til Oslo om å følge med i Vy-appen, og kontakte kundesenteret for å endre eller refundere billettar. – Ver førebudd på at det kan vere lang ventetid, seier Lundeby.

Grunna store vassmengder er Bergensbanen framleis stengd. No er det ikkje berre mellom Gol og Torpo, som meld søndag føremiddag, men frå Gol heilt til Geilo, opplyser Bane Nor til NRK.

– Vi har hatt overvann på Ål stasjon, mellom anna over sporvekslar, så vi må vente til vatnet trekk seg tilbake, seier Gunnar Børseth, pressevakt i Bane Nor.– Det er meir enn nok til at tryggleiken ikkje er varetatt, og vi er nøydde til å fikse det. Vatn har funne seg nye vegar, grave ut grus og jordmassar under togskjenene, fortel Børseth.

Han oppmodar reisande som skal til Oslo om å følge med i Vy-appen, og kontakte kundesenteret for å endre eller refundere billettar.

We have summarized this news so that you can read it quickly. If you are interested in the news, you can read the full text here. Read more:

NRK Hordaland /  🏆 5. in NO

Canada Latest News, Canada Headlines

Similar News:You can also read news stories similar to this one that we have collected from other news sources.

Ber om to vekers varetekt for overgrepssikta mannBer om to vekers varetekt for overgrepssikta mannEin mann i 40-åra vart fredag arrestert og sikta for valdtekt av barn under 14 år. Søndag blir han framstilt for varetektsfengsling i tingretten i Bergen. Politiet vil be om at han blir fengsla i to veker, opplyser politiadvokat Cathrine Schjelderup i Vest politidistrikt til NRK. Mannen er sikta etter straffelovas paragraf 299 som gjeld valdtekt og seksuell omgang av barn under 14 år. Paragrafen har ti års strafferamme, ifølgje Schjelderup. – Vi ber om fengsling på grunn av fare for at bevis kan gå tapt. Det er både av omsyn til at vi skal avhøyre vitne og av omsyn til fornærma, seier ho. Ho vil ikkje gå nærare inn på omstenda av omsyn til etterforskinga, som ho seier er i startfasen. Forsvarer Kim Brügger Villanger ønsker førebels ikkje å kommentere saka, ifølgje Bergensavisen, som omtala saka først.
Read more »



Render Time: 2025-02-28 20:55:20